Vi giftar oss!

MARIANN & IVER

22. JUNI 2024 | NORDDAL KYRKJE

Høyr bruda sine ord...

Korleis vi trefte kvarandre ... ?

Før eg møtte Iver spelte eg i band. Vi hadde planlagt turné litt rundt i Noreg. På ein av dei siste konsertane i 2018, fekk eg vite at bror til Jarl og eit syskenborn skulle kome og sjå konserten i Nordfjordeid.

Eg gav det ikkje mykje tanke, anna enn at det var veldig stas. Eg hadde då lagra Iver som "lillebror til Jarl på 11 år", eg veit ikkje kvifor, haha.

Ei stund før konsertstart kom Iver gåande inn på lokalet, og aldri før har eg vore so bergtatt av eit anna menneske. Det kjendest ut som alt gjekk i sakte film, og tru det eller ei, eg visste med ein gong at dette var mannen i mitt liv. Eg sat med nokre venar på eit bord litt bortom Iver og eg klarte ikkje la vere å stirre på han. Eg følgde ikkje med på samtalane rundt meg. Eg dama meg opp og helste på Iver ved baren. Og eg trur også at Iver skjøna at der var ein supergnist mellom oss.

Det blei ein del pendling på begge då eg budde i Ørsta og han i Norddal. Og det tok ikkje longe stunda før oss vart både ilag og sambuarar.

Iver har vore og er mi trygge hamn og som gir livet meining kvar einaste dag.

Vi forstod at det var oss to og vi utvida fort familien vår med Ivar i 2020 og ikkje lenge etter med Louie i 2022. Vi har det veldig kjekt i lag og det er ingenting eg ville ha bytta ut dette travle livet med.

Eg er så heldig som får gifte meg med mine besteven som har stått ved mi side gjennom tjukt og tynt.

Høyr brudgommen sine ord...

Korleis vi trefte kvarandre … ?

Jo, midt på truten. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dette har gått fort! Min bror Jarl byrja spele i eit Ørsta-band med namn Pikekysz. Vokalisten i bandet var ei råtøff, skinnjakkekledd, svarthåra rocketaus som skremde livskiten ta dei fleste. Underteikna òg. Første gong eg la merke til denne rocketausa var då dei spela live på ute scena i Ørsta under pride arrangementet 2018. For å stikke meg litt ut vandra eg faktisk heilt opp til scenekanten, under påskot av å skulle filme bror min, så allereie her var vi berre nokre meter frå kvarandre. Etter konserten var ferdig søkte eg backstage i håp om å få møte bandet. Utan hell. Eg trefte berre bassisten.

Noko seinare, kort tid før Jarl skulle annonsere sin utgang av bandet, spurde søskenbarnet mitt Kristian om vi ikkje skulle «svippe» til Nordfjordeid for å få med oss ein live-konsert med Jarl og Pikekysz. Sjølvsagt skulle vi det!

Vi gjekk inn dørene til lokalet i Nordfjordeid i god tid før konsert, med tid til ein matbit og ei øl med Jarl og bandet. Mariann hadde høyrt om denne broren, meg, som ho på ein eller annan måte hadde etablert som «Jarl sin 11 år gamle bror på ungdomsskulen». No fekk vi endeleg helse, og den skumle rocketausa viste seg å vere den fagraste og flottaste jenta på jord. Eg trur ikkje nokon av oss hadde ledd eller smila så godt som vi gjorde den kvelden, på veldig lenge…

Før konserten fekk eg det som må vere den «kvinnifiserte» varianten av «hold my beer». Då eg vart ståande og halde handveska til Mariann under heile konserten. Resten er historie. Vi kjem til å publisere nokre bilete frå tida vår saman på sida. Mariann har 70 000 bilete vi kan velje frå.

No, 5 år seinare, er vi hit komne. Bryllaup står for tur. To er blitt til fire. Ein flott, trygg og open heim. Trafikksikker bil. Både oppvaskmaskin, vaskemaskin og tørketrommel. Livet er herlig!

Kvifor verdas navle?

"Når sola sig i vester på høge himmelkvelv,
og sine strålar sender til dal med foss og elv.
Då tinar det i bringa. Det gjev meg von og tru.
Alt godt og ljost og fagert vil her i bygda bu"

Etter Mariann sin første tur til Norddal så sa ho at "den dagen vi giftar oss så skal vi gjere det her!". Slik lyder fruens ord.

Vi elskar Norddal og vi er der titt og ofte. Norddal er ei flott bygd, med eksepsjonell natur og gode menneskjer. Vi kjenner oss heime her og får vere med på setting og plukking av poteter, frukt og bær. Vi får ta del i dyrestell og lamming, vårslepp med påfølgande sanking frå vakre Herdalssetra. Både vaksne og born får utfalde seg og kjenne på nærleik til natur, og vi er så heldige som har tilgang til dette.

Bygda har også ei flott kyrkje og passeleg stort grendahus, råvarer og folk som skal til for å stelle i stand dette bryllaupet.

Vi vonar at de som no kjem og tek del i dagen vår også får ei vidunderleg oppleving av vakre Norddal.

Vi vonar du kan kome ❤️

VER VENLEG OG GI BESKJED

Vi har kanskje ikkje vore dei aller snaraste med å kome ut med informasjon eller invitasjonar, men no er det her! Gi oss svaret ditt slik vi kan legge til rette dagen best mogleg 😊👌


Norddal Kyrkje

Vigsla tek stad i Norddal kyrkje, også kalla Dale kyrkje, som er ei åttekantkyrkje i Dalsbygda/Norddal. Kyrkja vart bygd i 1782 og innvigd 25.juli 1784. Det var den fyrste åttekantkyrkja på Sunnmøre.