Tove Løvik // Gunnjagarden
22.06.2024
Tove er utdanna kokk og held til i Gunnjagarden i Norddal. Ho har lang erfaring med tilstelling av mat, mellom anna på Petrines Gjestegiveri, og vi gler oss mykje til denne smaksopplevinga!
På garden driv dei økologisk og dyrkar mykje rotgrønnsaker, bær og frukt. Dei produserer også eigne naturprodukt som såper, krydder, oljer m.m. Har innreidd utsal i gamle mjølkefjøset med kafé.
Alt av råvarer til forrett og middag er produsert lokalt og det er veldig stas!