Thor Bjørkedal Humberset // Ølbryggjar

22.06.2024

Bryggar til bryllupet er Thor Bjørkedal Humberset, bror til bruda. Thor har to førsteplasser, ein andreplass og to tredjeplasser i Norgesmesterskapet i tradisjonsbrygging. Thor sit no i styret for Norsk kornølfestival samt at han er leiar i Ørsta og Volda bryggarlaug og er uteksaminert øldommar. Bryllupsølet vert eit tradisjonelt konnjøl, råøl av einelog, malt med ein hint av orerøyk og gjæra med gardsgjær, populært kalla kveik. Det vert også eit lyst og lett øl av typen amerikansk lager. (Amerikansk budweiser/Corona) For dei som ikkje er så begeistra for øl eller ikkje tåler øl så vert der ein eplecider med ingefær.